Varmepumpe innerdel i stue. Foto.

Vanlige spørsmål om varmepumpe

Hvorfor kjøpe Luft-Luft Varmepumpe?
Svara er mange, men det som først og fremst er gevinsten med ei slik investering er straumsparing. Også får ein samtidig eit mykje betre inneklima og stabil temperatur.

Som ein bonus med det heile får du og ein langt høgare branntryggleik når du kan slå av elektriske omnar og unngå sprengfyring i vedomnen.

Kan eg få nytte av ei varmepumpe i min bustad?
Alle har nytte av ei varmepumpe, utfordringa er å montera innedelen på den mest optimale plassen. Dette er noe vi tar oss av og anbefaler plassering ved eit heimebesøk.
Målet vårt er at varmepumpa spiller på lag med ventilasjonen eller luftstraumen i huset ditt så varmen spreie seg rundt i alle rom.

Støy?
Når det gjelder støy av varmepumper i dag så har det heldigvis vært ei god utvikling på dei seinare modellane.
Mitsubishi kirigamine modellane våre har ein støy målt til 20dB på innedelen,
Når konkurrentane reklamerer med ei stille varmepumpe som berre har 23dB skal ein vera obs på at dB skalaen er (logaritmisk) bygget opp slik at aukar ein med 3dB så har ein dobla energien i støyen.
Når det gjelder støyen på utedelen så er plasseringa viktig. Sjølv om den er relativt lav med berre 46dB. Ikkje plasser den rett utanfor eit soveromsvindu og heller ikkje fundamentert i trevegger. Husk og å ta hensyn til naboen.
Når det gjelder Mitsubishi modellane våre så kan vi montere dei inntil 20 meter frå innedelen. Så det skulle vel ikkje vera umulig å finna ein plass til han.

Kva må eg sjå etter når eg velger Varmepumpe?
COP, "Coefficient Of Performance" eller på meir Norsk, varmefaktor:
Dette er eit tall som angir kor mykje varme du får igjen for kvart KW du bruker.
Då vil vi igjen referere til Mitsubishi kirigamine FD25 som har ein COP på 5,33.
Det vil sei at når den bruker 1kw så gir den 5,33kw i varme, under optimale forhold.

Temperaturområde:
Viktig og at du har ei varmepumpe som er beregna til det klimaet som er der du bur, og ikkje svikter deg når du trenge dei som mest. Mitsubishi modellane våre er garantert ned til -25 gr.

Støy:
Det må ikkje vera slik at du må slå av pumpa for å få fred i huset.

Varmebehov:
Du må velga ei pumpe som er stor nok. Da går pumpa rolig under normal drift og ho får ei lang levetid.

Kor lang levetid har ei varmepumpe?
Vi leverer varmepumper med 5 års reklamasjon , men regner med at du har glede av pumpa di i 10 til 15 år. Og gjerne lenger med godt stell.
Ved og montere eit tak over utedelen , vil ein skåne pumpa mot ver og vind . Det vil medføre lengre levetid og lavere strømforbruk. Det er viktig og ikkje lage det for tett rundt pumpa , luftsirkulasjonen er veldig viktig for varmeveksling med lufta ute.

Hvor ofte må eg gjere rein filtera på innedelen?
Det vil variere, vi anbefaler at ein prøver seg fram.
Ei fast rutine på ein gang i månaden høyres normalt ut. Men dette vill variere frå kor i rommet ho står og hvilken aktivitet der er.

Hvor ofte må eg ha service på varmepumpa?
Det vill variere, kommer ann på hvor pumpa er montert, og aktiviteten i huset. Vi anbefaler service etter 2 til 3 år og deretter etter anbefaling frå han som tok servicen.

Kva inneberer service?
Service inneberer vask av inne og utedelen. Ei luft-luft varmepumpe består av ein radiator inne og ein ute. (Radiator likedan som du har i bilen)
Når den eine avgjer varme skal den andre oppta varme. Da er det viktig at radiatorane er rein og ikkje tidekket av støv og forureiningar. Vi vaskar med eit vaskemiddel som er berekna til dette og ikkje forårsaker korrosjon på aluminiumen. Det kan fort oppstå ved bruk av for sterkt vaskemiddel. Vi måler temperatur og gasstrykk på varmepumpa, skifter batteri i fjernkontrollen, vurdere kvaliteten av filtera. Og ikkje minst utveksler erfaring og gir råd om innstilling. Med å holde radiatorane og filtera reine er vi med på å legga til rettes for ei lang og problemfri levetid for varmepumpa.